Ånebjør

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. april 2011 kl. 09:06 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (flytta kartet nederst for å gje plass til bileta)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ånebjørområdet 2009
Foto: Reidar Tveito
Ein del av Ånebjørs mange bygg.

Ånebjør er ein gard i Bygland vesthei ved elva Logna, nord for Beinsvatnet og Juvatn. Den er først omtalt i skriftlege kjelder i 1647. I 1875 var det tre bruk på Ånebjør. Dei hadde til saman to hestar, 27 kyr, 50 sauer og 29 geiter. Jakt og fiske gav og gode inntekter. I 1913 vart eigedomen kjøpt av Oscar Jebsen. I 1971 slo lynet ned og både våningshus og uthus brant opp, bare eit loft stod att.

I mange år har ein arbeidd for å bygge ein veg over Ånebjør for å binde Setesdal saman med Åseral. I forbindelse med kraftutbygging (Juvatn er regulert) vart det bygd Fylkesveg 351 frå Tjaldal til Bortelid og vidare til Beinsvatnet. Jebsen bygde så vegen vidare til Ånebjør. Den vegen går forbi Beinstøylen, der John G. Arneberg vart fødd.


Eksterne lenker


Kart

<googlemap version="0.9" lat="58.871295" lon="7.558594" type="terrain" zoom="11"> 58.891832, 7.510397 </googlemap>