John G. Arneberg
John G. Arneberg (fødd 1874, død ?) var ein norsk-amerikanar som opprinneleg kom frå Bygland. Han var fødd på Beinestøyl ved Beinsvatn ved Ånebjør, men vart foreldrelaus som treåring og vaks opp hos slektningar. 18 år gammal emigrerte han til USA i 1892. Der tok han vidaregåande utdanning og studerte medisin til 1905. Sidan arbeidde han som lege i USA.
Gåver til Bygland og Åseral
Heile livet hadde John G. Arneberg stor kjærleik til Åseral og Bygland, og han gav fleire gåver til kommunane:
- 1949: 1000 dollar til Bygland og Åseral
- 1955: 5000 dollar til Austad sokn og Sandnes sokn i Bygland
- 1955: 4000 dollar til Lognavatn i Åseral
- 1955: 2000 dollar til å planlegge Byglandsheimen
Sidan gav han også fleire andre gåver til Bygland og Åseral, mellom anna Arneberg og Dales legat og Dr. John G. Arnebergs legat i Åseral.
Kjelder og eksterne lenker
- Sigurd Haugsgjerd: Då kommunestyret i Bygland fekk kaffi og sukker frå Amerika. Artikkel i Setesdølen nr. 89, 2009 side 3