Gyvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. april 2011 kl. 11:55 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (opprusting av dammar)
Hopp til navigering Hopp til søk

Gyvatn er eit vatn som ligg på fjellet 565 meter over havet på vestsida av Byglandsfjorden i kommunane Evje og Hornnes og Bygland i Aust-Agder samt Åseral kommune i Vest-Agder. Vatnet er 4,62 kvadratkilometer og har ein omkrets på 40,73 km. Ved utløpet av Gyvatn er det ein hovuddam og tre mindre dammar. Desse vart opprusta og rehabiliterte for 7 mill. i 2009 av ECO Bygg. Fleire stader måtte dei nytte helikopter for å frakte inn utstyr og betong. Prosjektet varte i tre månader.[1]

I august 1996 sette Motstandsrørsla mot Gyvatn artilleriskytefelt opp ei minneplate på ei øy i Gyvatn om motstandskampen for å redde 120.000 mål natur i grensetraktene mellom Bygland, Åseral og Evje og Hornnes kommuar frå å verte skytefelt. Minneplata vart fjerna, truleg i 2006. Men i april 2011 vart det sett opp ei tilsvarande minneplate på Sandvassknuten.[2]

Referansar

  1. Rusta opp dammar ved Gyvatn. Artikkel i Setesdølen nr. 96, 2009 side 7
  2. Johs. Bjørkeli: Minneplata over geriljakrigen. Artikkel i Fædrelandsvennen Innsikt 15. april 2011 side 28

Kart

<googlemap version="0.9" lat="58.748435" lon="7.714806" type="map" zoom="11"> 58.724589, 7.6703 </googlemap>