Hallvard Eldhuset

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. april 2011 kl. 21:53 av Siri J (diskusjon | bidrag) (+bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Bygland, Sandnes kyrkje, Hallvard Eldhusets gravsten crW DSC.JPG
Hallvard Eldhuset sitt gravsted ved Sandnes kyrkje i Åraksbø

Hallvard Eldhuset (fødd 9. juni 1914 i Åraksbø, død 3. desember 1976) var lærar og skuleinspektør i Bygland kommune. Han vaks opp på gard i Åraksbø og lærde bondeyrket å kjenne alt frå tidlege barne- og ungdomsår. Seinare overtok han saman med kona Birgit, fødd Åkre, heimegarden i Åraksbø, der tre gutar vaks opp.

Han gjekk befalsskulen i Kristiansand, der han var ferdig i 1937. Deretter tok han examen artium. Så vart det lærarskuleeksamen i Volda i 1941 og hadde så lærarpost på Tjøtta på Helgeland eit års tid. I 1942 kom han heim att og vart lærar i Bygland kommune, dei fyrste åra i framhaldsskulen, som flytte frå grend til grend men etter kvart vart fast på Bygland. Etter kvart vart han skuleinspektør i kommunen.

I mange år var han meldar i Fædrelandsvennen frå Bygland kommune. Seinare skreiv han andaktane i Setesdølen då den tok til å kome ut. Som lyrikar hadde han ein djup religiøs undertone i dikta, og han var sterkt engasjert i sundagsskulen. Men også mållagsarbeid og fråhaldsarbeid engasjerte han seg i.

I fleire periodar var han medlem av kommunestyret i Bygland, og i 1969 stod han på 3. plass på lista til Stortingsvalet for Kristeleg Folkeparti i Aust-Agder. Som medlem av kommunestyret var han og med i ei rekke nemnder og utval i kommunen.

Hallvard Eldhuset skreiv og i Jol i Setesdal og laga prologar og dikt til ulike samanheengar. Setesdalsforlaget gav i 2010 ut ei bok med dikt i utval ved Ånund K. Homme.

Bibliografi:

  • Djupt gjennom berg det hjalar. Dikt. Setesdalsforlaget 2010. ISBN 978-82-92441-72-5

Eksterne lenker