Åsta Østerhus Jerstad
Åsta Ingeborg Østerhus Jerstad (fødd 1919) frå Flatebygd i Evje og Hornnes kommune bur i Skien. Ho var yngste barnet til Randi og Søren Østerhus (1872-1949), som var stiger i nikkelgruvene på Evje ved sidan av å drive garden i Flatebygd. I heimen kom det til saman 13 barn, men tre døydde samstundes i spanskesjuka i 1916. Ei anna syster døydde i tuberkulose då ho var midt i tenåra. I 2011 er ho den einaste av syskina som lever etter at broren Nils Østerhus, som overtok garden i Flatebygd, døydde på Hornnesheimen.
På Hornnes landsgymnas møtte ho Johan Jerstad frå Kvinesdal. Dei gifta seg i 1942, den dagen faren Søren fylte 70 år. Alle dei 90 gjestene fekk plass i huset i Flatebygd på bryllupsfesten, det var eit stort hus. Johan tok apotekutdanning i Kristiansand og overtok sidan apoteket Bien i Skien. Det dreiv han til han pensjonerte seg. Sjølv tok ho utdanning innan kjole- og draktsaum og praktiserte som lærar i dette faget i mange år.
Dei fekk ikkje born, men adopterte dottera Berbel frå Berlin. Ho og familien har overteke hytta dei hadde på Gautestad. I ein alder av 92 år er ho aktiv i Den norske kyrkja og i Normisjon i Skien, men ho har slutta å køyre bil.
Kjelde
- Eilert Kvernes: Evje-jenta slo seg ned i Skien. Artikkel i Setesdølen nr. 17, 2011 side 4