Hopp til innhald

Onsdagsprogram Valle Radio 20110112

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. januar 2011 kl. 19:37 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Onsdagsprogram Valle Radio 20110112 fortel om programmet i Valle Radio onsdag 12. januar 2011. Ansvarleg for kvelden var Bjørgulv T. Berg. Teknikar var Torhild Sandnes og frå 20:30 kom telefonvakta Jorunn Helle.

Program

1800: Aktuell time

Han hadde hatt både stabsmøte og 37 konfirmantar denne dagen. Trusopplæringsreformen er viktig, men Theis meinte at dagens ungdom ikkje kan mindre når dei startar på konfirmasjonsførebuingane. Å vere prest i Tveit er annleis enn i Valle. I desember hadde han 10 gudstenester, i Valle var det gjerne 30 i desember. Men ein er ikkje 30 år lenger, så det har vore godt å få eit noko mindre press. Fredag 28. januar 2011 skal han tale på møte i Valle kyrkje. Han ville ikkje tale på tre møter i prestegjeldsaksjonen 2011, men eit møte skal bli triveleg. Men han saknar å vere programleiar i Valle Radio.

  • Halfdan Sivertsen: Sommarfugl i vinterland
  • Intervjuer med AA i samband med oppstart i Setesdal. Telefonsamtale med Yngvar i Anonyme Alkoholikere. Organisasjonen starta i 1947 og har halde på i Kristiansand sidan 1949. Dei siste 20 åra har det vore i god vekst i Kristiansand. Opprinneleg var det eit amerikansk opplegg. AAs program vart skrive ned, der dei formulerte det dei hadde gjort. I Kristiansand dreiv dei A-klinikken den første tida. Yngvar tok sin siste dram i 1987. Om ei veke vil dei halde eit møte onsdag 19. januar 2011 på det gamle skulehuset i Grendi, som no er blitt grendehus. Det første møtet er ope for alle, sidan vil ein prøve å ha møte annankvar veke.
  • Velbegavet, ei dansk plate

1900: Tanker frå Bibelen

1930: Kommunen informerer

Konstituert rådmann Elise Marie Kringen

2000 Musikkprogram

Katrine og Selma frå Valle vidaregåande

2030 Bjørgulvs halvtime med gjester

Vi møter Marianne Uleberg

2100: Opi sending

Kontakt

  • Helsingari tlf: 379 37 577
  • Post: post@valleradio.com