Rygnestadtunet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. januar 2011 kl. 17:06 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rygnestadtunet er eit særmerkt gardstun på Rygnestad i Valle kommune, om lag ei mil nord for Valle sentrum. Tunet er autentisk, bygningane er bygde der dei står og er ikkje flytt til tunet. Einaste unntaket er kverhuset. Den eldste delen av stogehuset er frå tida før svartedauden, medan dei nyaste bygningane er sett opp på 1900-talet. Garden har vore museum sidan 1940, då Setesdalsmuseet overtok anlegget, der det ikkje hadde budd folk sidan 1919. Stogehus og dei to lopta vart freda i 1923.