Hopp til innhald

Gert Magne Høye

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. november 2010 kl. 14:56 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Gjert Magne Høye)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Gert Magne Høye (fødd 18. mars 1898 i Øvre Rendal) var distriktslege i Valle og Bykle frå 1932 til 1946. Han tok medisinsk embetseksamen i 1923. Han var lege for kvalfangarar på Sør-Georgia og deretter konstituert distriktslege i Mensa frå 1926 til 1928, då han vart distriktslege i Dverberg (Andøya i Nordland), ei stilling han hadde til han kom til Valle.

Frå Valle reiste Gert Magne Høye til Elverum i 1946. Der vart han i ti år, då han flytta til Nøtterøy og var der dei 12 siste åra han hadde praksis som distriktslege til han vart pensjonist i 1968. Etter det vart han buande på Nøtterøy og hadde privatpraksis.

Bibliografi

  • Sosialmedisinske undersøkelser i Valle i Setesdal (Brøgger) , 1941 - 187 s. ill.
  • Minne frå krigsåra Artikkel i Jol i Setesdal 1970 side 16-18

Kjelder