Djupeskòr

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. november 2010 kl. 02:08 av Siri J (diskusjon | bidrag) (kjelde www.kart.statkart.no)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Djupeskor er eit skar som ligg på ca 960 m høgde på randa av Setesdal austhei nordaust for Valle sentrum i Valle kommune. Skaret ligg mellom toppane Flæun (1075 m) og Vrålskred (1132 m), og leier bekken Skorbekken frå Valevatn på austsida ned mot Otra. Området er eigd av tre av gardane på Tveitebø; Haugum eig Flæum og litt av den nordre bergsida, medan dalbotnen delast mellom Kvòsåk og Espetveit. I skaret er ein del av grunnen myrlendt. Ved vestsida av Valevatn ligg nokre buer, mellom anna ei som tilhøyrer Haugum.