Ørnefjell turløype

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. september 2014 kl. 20:06 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ørnefjell)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ørnefjell turløype byrjar ved Oddeskogen barnehage nær Oddeskogen bustadfelt i Evje. Løypa går gjennom skogsterreng og har nokre bratte parti undervegs. Ho går forbi gamle Ørnefjellbakken, ein mykje brukt hoppbakke i bygda frå 1934 til 1940. Ved toppen av Ørnefjell er det postkasse med gjestebok, og bord og stolar så ein kan kvile og nyte naturen.

Lengda på løypa er 3,5 kilometer tur/retur. Løypa er merka og det står skilt med kart ved starten.