Otrahallen AS

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. september 2014 kl. 23:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Otrahallen AS er eit aksjeselskap med føremål å eige og drive Otrahallen i Hornnes. Hallen stod ferdig i 1985.

Otra IL er største aksjonær i selskapet med 60 % av aksjekapitalen. Evje og Hornnes kommune har 12,5 % eigarandel. Resten av aksjane er spreidde på ei lang rekkje mindre lokale lag og foreiningar og Bygland kommune.

Otrahallen AS vart skipa i 1982. Frå 1985 til i dag (2014) har Odd Harald Robstad vore styreleiar.