Nils Hegland
| Nils Hegland | ||
|---|---|---|
| Født: | 11. november 1900 | |
| Død: | 3. mars 1945 (44 år) | |
Nils Hegland, Evje, født 14. november 1900 og død i tysk krigsfangenskap 3. mars 1945. Han var sønn til Johan Hegland, født 10. april 1873 i Gyland, og Tonette Hegland, født 21. juli 1878.
Hegland var leiar i skilaget Ørnen då 2. verdskrigen braut ut. Han blei arrestert av tyskerane, og var i tysk krigsfangenskap til han døydde. Han var i Natzweiler - Struthof konsentrasjonsleir i Frankrike frå 15. juni 1943 til 5. september 1944. Frå 6. september 1944 var han i Dachau konsentrasjonsleir i Tyskland. Namnet hans er innhoggen i minnesteinen som er reist ved Evje kyrkje til minne om dei frå Evje som sette livet til for fedrelandet i krigen 1940-1945. Gata gjennom Evje sentrum, frå avkjøyrsla frå RV-9 sør for Info-bygget til ho møter Arendalsvegen nord for sentrum, heiter Nils Heglands veg.
Kjelder
- Søk på "Nils Hegland" i slektsregisteret Anchestry.com
- Olav Arne Kleveland, Otra IL 50 år - ei reise gjennom 50 års historie, jubileumsbok utgjeven av Otra IL, 2010