Hopp til innhald

Hornnesmarsjen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. august 2014 kl. 13:11 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (rettet skrivefeil)
Medaljen som deltakarane får når dei har gjennomført Hornnesmarsjen 35 gonger. Foto: Geir Daasvatn

Hornnesmarsjen er ein årleg turmarsj som starta i 1977. Han går ut frå Hornnes barneskule og går i lett og greitt terreng oppover Dåsvannsdalen. Marsjen er tilrettelagt for barnevogner og rullestolbrukarar. Ein kan gå tre lengder, ei løype på fem km, ei på 11 km og ei på 17 km. Alle løypene har rasteplassar undervegs. Det vert delt ut medalje eller pins til alle deltakarar. Arrangør er Hornnes marsjforening.

Kjelde

Eksterne lenker