Kveasåni

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. oktober 2010 kl. 16:47 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kveasåni er ei elv som renn ut i Otra frå aust om lag 6 km nord for Rysstad og like langt sør for Valle i Valle kommune. Elva har eit fall på 367 meter og det er gjeve konsesjon for å byggje Kveaså småkraftverk inne i fjellet for å utnytte vasskrafta i elva. Dette er under bygging i 2010. Estimert årproduksjon er på 12,5 GWh. Når den er ferdig, vil minstevassføringa vere på 110 l/s sommer, 55 l/s vinter.

Eksterne lenker