Else Gyro Rysstad
Else Gyro Rysstad (fødd 21. oktober 1960) er lærar på Fjellgardane skule og ein sentral person i Bykle og Hovden teaterlag. Ho vaks opp på Rysstad.
Else Gyro Rysstad kom til Hovden som lærar i 1984. I 1984 gifta ho seg med Olav Skinnarland, og i ein periode på 1990-talet budde og dreiv dei hotell på Møsstrond, der han kjem frå.