Valle folkebibliotek
Valle folkebibliotek held til i det gamle kommunehuset i Valle. Biblioteket er har og ei avdeling på Rysstad. Til saman er arealet 442 m2. Total utlånstid er 22,5 timar i veka i 45 veker. Lisbeth Dalquist Homme er biblioteksjef i Valle. Ho hadde med seg Gunnar Hillestad frå 2006 til våren 2014 og Jan Torjus Ødeskaug frå hausten 2011 i arbeidet.
Valle folkebibliotek arrangerer bokkveldar og har eit godt samarbeid med skulane i kommunen. Dei arrangerer og ein lesesirkel i samarbeid med Aust-Agder fylkesbibliotek i serien «Agder les nordisk». Biblioteket skaffar bøker frå andre bibliotek om dei ikkje har bøkene sjølv. Det er og med i ei ordning som gjer at du kan låne ei bok i Valle og levere den inn kor som helst i landet. Bøker som er lånte på andre bibliotek, kan og leverast inn i Valle. På utsida av biblioteket er eitt av dei mange internettpunkta i Setesdal.
Opningstider
- Valle
- Tirsdag 11:00 - 15:30
- Onsdag 16:00 - 19:00
- Torsdag 13:00 - 19:00
- Hylestad
- Måndag 13:00 - 19:00
- Onsdag 11:00 - 15:00
Statistikk
| Årstall | Antall | Utlån | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Bøker | Lydbøker | Musikk | Film | Born | Vaksne | Totalt | |
| 2008 | 27792 | 952 | 968 | 727 | 3951 | 5384 | 9335 |