Flåt nikkelgruve

Flåt gruve vart etablert i 1844, då som koppargruve. I 1872 kom ho i drift som nikkelgruve, og på slutten av 1800-talet var Flåt gruve Nord-Europas største nikkelgruve. I 1872 kom det smelteverk til Evje, og gruva og smelteverket var i drift til 1945.
Etter at gruva var stengd i mange år, tok Reidar Kjetså opp arbeidet med å gjere Flåt gruve tilgjengeleg for publikum som ei besøksgruve. Men i 2012 sa han opp leigeavtalen på grunn av sterkt redusert besøkstal og skrantande økonomi i drifta, mellom anna var det eit tilsig av vatn på 3-4000 kbm i året. Gruva treng meir straum, og rust er eit problem å grunn av syrenivået i gruva. Om ho skulle halde fram som besøksgruve, måtte nytt anlegg for ljos og naudljos på plass. Samla kostnader for å få på plass det som mangla var kalkulert til 1,8 millionar, og difor foreslo rådmannen våren 2014 at gruva vart stengd og plombert.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Evje-rådmannen vil stenge og forsegle Flåt gruve. Artikkel i Setesdølen nr. 38, 2014 side 15