Hallandsfossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. mai 2014 kl. 08:29 av Reidar T (diskusjon | bidrag) (dato)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallandsfossen før reguleringa.

Hallandsfossen er ein foss i Otra helt sør i Valle kyrkjebygd. Hallandsbrua går over fossen fra Harstad til Åmlid mellom Riksveg 9 og fylkeveg 331. Fossen var ein flaskehals i elva før reguleringa og når det var mykje nedbør eller snøsmelting, steig vatnet så mykje at det vart flaum i bygda. På det meste kunne jorda liggje under vatn heilt opp til den gamle riksvegen gjennom bygda. Med støtte frå Statens nydyrkningsfond vart difor elveløpet senka her i 1860-åra, slik at flaumskadane ikkje skulle verte så store. Etter kraftverksutbygginga på 1960-talet har Hallandsfossen minstevassføring. Berget ved sida av fossen er blankskurt og svært glatt, så det er hengt opp livbøyar fleire stader på begge sider av fossen.

Kjelde