Setesdalskonferansen 2014

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. april 2014 kl. 08:53 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk
Logo 2014

Setesdalskonferansen 2014 vart arrangert av Setesdal RegionrådRevsnes Hotell 23. april 2014 og 24. april 2014. Tema for konferansen var «Samarbeid og arbeidsglede». Styrk Fjærtoft Trondsen var konferanseleiar også denne gongen.

Setesdalskonferansen er ei samling for eigarar / daglege leiarar i private verksemder i Setesdal, tiltaksapparatet, kommuneleiinga og andre inviterte. Føremål med konferansen er fagleg påfyll, nettverksbygging og ein uformell arena for tettare samarbeid mellom privat næringsliv og offentleg tiltaksapparat. Prisen for konferansen var 1000 kroner inkludert overnatting og mat.

Program

Onsdag
Torsdag
  • 09.00 Agnes Berntsen: Arbeidsglede - rota til mykje godt! Om galskap & vinnarkultur, verdiar & bedriftskultur. Hotelldirektøren ved Strand Hotel Fevik fortel om det å vere til stades som leiar, og kva slags personlege eigenskapar alle kan ta i bruk for å medverke til positivitet på arbeidsplassen.
  • 10.30 Ståle Lindblad: Mediekontroll! Eller komplett kaos når sosiale medier forkludrar kommunikasjonen? Om koden til morgondagens marknadsføring – i dag: Innhaldspublisering og annonsering i digitale kanalar for verksemder som vil ha auka trafikk og sal! Ei innføring.
  • 11.30 Wenche Fresvik: Næringssjefen i Aust-Agder med status og inspirasjon. Næringsliv og næringsutvikling som kraft for regional utvikling. Setesdal som eit aktivum for landsdelen!
  • 12.00 Næringsarbeidet - strategiar og idedugnad. Kva ynskjer de? Ved Signe Sollien Haugå, Erik Berglihn og fleire. Speakers corner – nytt og nyttig sidan sist. Spørje- og meiningsytringstid – plenum for dei som har noko på hjarta
  • 12.30 Avslutting. Lunsj og heimreise, eller bli med vidare:
  • 13.30 Areca AS: Stuttkurs i effektiv innhaldspublisering og annonsering i digitale kanalar. Ståle Lindblad går djupare inn i orienteringa om digitale kanalar bedriftene kan bruke.
  • 16.00 Takk for i dag!

Programkomite

Ørnulf Hasla, Bjørn Erling Auestad, Connie Barthold, Svein Hjort-Olsen, Ann-Torill Briksdal, Harald Haugland, Knut På Bø, Ole P. Bruun, Erik Berglihn, Signe Sollien Haugå – med god hjelp av Styrk F. Trondsen.

Eksterne lenker