Bill Abusland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 17. april 2014 kl. 16:55 av Helland (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bill Abusland (fødd 1930 på Abusland i Evje og Hornnes, død 19. mai 2010 i Arendal) var skulesjef i Åseral. Han kom dit som lærar i 1961 og vart etter kvart skuleinspektør, ein tittel som sidan vart endra til skulesjef. Han tok over etter Torleiv Eiken, fyrst som vikar, sidan fekk han stillinga fast og hadde ho til han gjekk av med pensjon.

I tillegg til å vere lærar var han spesielt interessert i jakt og viltstell. Han overtok stillinga som sekretær i viltnemnda etter Bergtor Klepsland. Han var og leiar av bygningsrådet og varamann til kommunestyret for Åseral Arbeidarparti.

Bill Abusland etterlet seg kona Brita Abusland og borna Åse Kristin, Tor Olav og Hilde Gunn, svigerborn og barneborn. Gravferda var i det stille etter hans eige ynskje.

Kjelder