Øvre Lande (Grendi)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. mars 2014 kl. 22:11 av Siri J (diskusjon | bidrag) (Ny side: '''Øvre Lande (Grendi)''' er ein av gardane i bygda Grendi i Bygland kommune (gnr. 57). <!--Garden ligg I nord ligg Monen, nord og aust er Knutstog (L...)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Øvre Lande (Grendi) er ein av gardane i bygda Grendi i Bygland kommune (gnr. 57).

Oluf Rygh sin omtale av namnet i verket Norske Gaardnavne viser at namnegarden Lande er nemnd i eit diplom allereie i 1412, og fleire gonger seinare[1]. I 1723 kom eit matrikkelforarbeid, og i dette hadde garden fått nummer 8. Kven som eig det er ikkje lett å tyda[2].

Slekt

Den fyrste eigaren av Øvre Lande er bondelensmannen Osmund Ketilson Lande som var fødd i 1570-åra. I 1604 fekk han sonen Ketil, som blei bruksmann på Lande for Suennung Grebrock som eigde denne delen i 1664[3]. I 1682 dreiv den fyrste Osmund sin boa, Osmund Ketilson, garden for rådmann Mikkel Hansen frå Kristiansand. Osmund fekk leige garden på livstid. Då Ommund Mikkelsen kaupte garden rundt 1700 kom den i ætta si eige på ny. Då boet blei skifta etter Osmund i 1723 kravde sonen Gunder O. Langerak at det skulle protokollførast at han hadde og beheldt odelsretta til jorda i Lande som Osmund åtte før broren Tor O. Gunder nytta aldri denne retta, så Tor O. satt på garden fram til sonen Osmund T. tok over i 1756. Tor O. og kona Astri Salvesdotter Longerak tok då follog hjå Osmund.

Kjelder