Eivind Torkjelson Lande

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. februar 2014 kl. 18:23 av Siri J (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bautaen over Eivind Torkjelson Lande ved Årdal kyrkje

Eivind Torkjelson Lande (døypt 1. januar 1759 i Årdal kyrkje, Bygland, død 9. mai 1833 same stad)[1][2] var gardbrukar i Grendi, tømmermerkar og eidsvollsmann.

Han vart fødd på Åsen og døypt, konfirmert og gravlagd i og frå kyrkja i Grendi. Det var små kår på garden, og Eivind måtte tidleg jobbe for føda. Før han blei vaksen heldt han seg i heradet, han drog litt nordover til Skreland i Jordalsbø og vart gjetargut der. Etter konfirmasjonen reiste han ut av bygda, og jobba mellom anna i Telemark. Han var med på slåtten i Heddal og Åmotsdal og på vintrene arbeidde han med skipsbygging i Skien. Eivind var óg den første tømmermerkaren i Setesdal, han kjøpte tømmer for Ola Clausen Mørch, som også var eidsvollsmann.

I bygda var Eivind Lande óg kjend som ein god smed og spelemann. Han skal ha spelt i omkring 70 bryllaup. Både Eivind og sonen Tor var dugelege rosemålarar. Eivind var som rosemålar sterkt påvirka av Fjotland-stilen frå Vest-Agder, medan sonen var mest prega av stilen frå Telemark. Nils Ellingsgard fortel i boka Norsk rosemåling at sonen vart ein god og fantasifull rosemålar med god fargesans[3]. Norsk Folkemuseum har objekt måla av både far og son, mellom anna ein ølbolle med ein diameter på rundt ein halv meter.

Eidsvollsmann

I 1814 vart Eivind Lande fyrst vald som valmann for Bygland. I amtsvalet i Råbyggjelaget vart han vald som andre representant til riksforsamlinga. Han reknast med til Unionspartiet, men er ikkje heilt liketil å plassere. Eivind Lande var bland dei mest aktive av bonderepresentantane. Han arbeidde saman med Theis Lundegaard for å sikre at bøndene fekk ein så stor part som mogleg av stortingsrepresentantane, og han skreiv saman med andre bonderepresentantar på Riksforsamlinga eit godt innlegg om odels- og åseteretta. Kravet var at rettane skulle førast attende til slik dei var føre lovendringa i 1811.

Eivind Lande vart vald til andre varamann til Stortinget i 1818, og fyrste varamann i 1821.

Heradsstyret sette i 1912 til ei nemnd som skulle arbeida for å reise ein bauta på grava til Eivind ved Årdal kyrkje. Dei gjorde eit godt arbeid, og på hundreårsdagen for møtet på Eidsvoll vart den avduka av amtmann Aarrestad[4].

Ætta

I 1788 vart han trulova og gift med Gyro Torsdotter Lande[5]. Det var ikkje lett for dei å få gifte seg, for Tor, far til Gyro, ville ikkje ha ein frå så små kår til verson. Historia om Eivind si friarferd er bevart i nokre stev, som ender med at Tor måtte la dei gifte seg[6]. Gyro og Eivind busatte seg på Neset, som Gyro ervde. Der budde dei i 1801 med sonane[7]. Seinare tok dei over Øvre Lande i Grendi. Dei fekk sju born, men to av dei døydde tidleg. Andre stifta sjølv familie, og det er ei stor etterslekt etter Eivind og Gyro. Mange av etterkommarane bur i Bygland.

Eivind Lande døydde på Lande den 9. mai 1833, og vart gravlagd frå Årdal kyrkje den 17. mai[8]. I kyrkjeboka er det skrive at han var eidsvollsmann. Sonen Tor Eivindson Lande tok over Øvre Lande.

Etterslekta til Eivind Torkjelson Lande

Grunnlova sitt 200-års jubileum i 2014 ga Riksarkivet ideen om å lage eit oversyn av etterslekta til alle eidsvollsmenn. Arbeidet vart gjort av frivillige som er interessera i historie og slektsgranskning.

Eivind Torkjelson Lande sitt etterslektstre på vevsida til eidsvollsmenn.no

Referansar

  1. Bygland, Ministerialbok nr. A 1 (1725-1766), «Fødte og døpte 1759»: No 1 ? 1 januar: Døbt udi Aardahls Kirke, Torkel Aasens søn. Nom: Eivend fadd. Karen Lan[de?] Christensdatter Gunder Lande.
  2. Bygland, Ministerialbok nr. A 3 (1816-1841), «Døde og begravede 1833, side 227-228»
  3. Ellingsgard, Nils: Norsk rosemåling («Aust-Agder»), s. 168, Oslo : Samlaget, 1981
  4. Aasulv Lande Sr.: «Kommunestyringi. XXII. Aasulv Lande.» s. 98, i Byglands soge, Kristiansand 1939 (faksimile 1970).
  5. Bygland, Ministerialbok nr. A 2 (1766-1816), «Ekteviede 1788, side 165»
  6. Bygland, Eivind N.: «Eidsvollsmann Eivind Torkjelson Lande 1759–1833» i Bidrag til Agders historie. Hefte I. 1914 s. 71.
  7. Folketeljinga 1801: Bygland, Årdal sokn
  8. Bygland, Ministerialbok nr. A 3 (1816-1841), «Døde og begravede 1833», side 227-228

Kjelder