Såvesteinen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. februar 2014 kl. 15:55 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Såvesteinen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Såvesteinen er ein stein på Sandnes i Valle. Den er ei stor flyttblokk på jordet på austsida av vegen.

Tradisjonen fortel at denne steinen kom med eit fælt ras for lenge sidan, og han vart liggjande midt i ålmannvegen. Bonden Såve ville flytte på steinen. Han prøvde difor å grave under han for å få det til. Men medan han heldt på med det, tok steinen til å rugge, så han greidde bare så vidt å kome seg opp og kaste seg unna. Treskorne hans vart liggjande att under steinen og skal framleis vere der.

Det budde ein Aslak Såvesson på Nordstog Sandnes (bnr. 1) i 1655, far hans var Såve Aslaksson, kan hende er det han sagnet er etter.

Men på 1700 talet budde Såve Gjermundsson Sandnes her. Og på 1800-talet budde Såve Aslaksson Bø på bruk nr. 6.

Kjelde

  • Statens Vegvesen: Konsekvensutgreiing rv.9 Sandnes – Harstadberg. Fagtema kulturmiljø side 8