Tarald J. Harstad

Foto: Knut Åknes
Tarald J. Harstad (1878-1954) var lærar og ordførar (1917–1922) i Hylestad. Han vart tilsett i 1900 i Nomeland krins, då Bjørgulv D. Bjørnarå reiste til Amerika. Frå 1917 var Tarald lærar i Nomeland-Uppstad krins. I 1919 vart Kåvenes skule bygd. Han gjekk av med pensjon i 1941.
I 1916 etablerte Arbeiderpartiet seg i Hylestad og ved valet det året, som var fleirtalsval, fekk partiet alle 12 mann inn i kommunestyret. Tarald Harstad vart ordførar den perioden, og også neste periode, då det var loddtrekning mellom han og Gunnar T. Rysstad.
Kjelde
- Torjus Åkre: «Lærarar i Valle og Hylestad». Artikkel i Bygdesogeskrifter frå Valle og Hylestad 1983 side 117-118
- ibid. side 75
| Forgjenger: Gunnar T. Rysstad |
Ordførar i Hylestad (1917–1922)
|
Etterfølger: Gunnar T. Rysstad |