Brokke Mini Tour 2014

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. februar 2014 kl. 10:22 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Brokke Mini Tour 2014)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Brokke Mini Tour 2014 vart arrangert laurdag 8. februar 2014 og sundag 9. februar 2014. Arrangementet var sett saman av eit kretsrenn i klassisk stil laurdag og bakkeløpet opp alpinbakken i Brokke Alpinsenter sundag. Laurdagens renn var for alle klassar med løyper 3,5 og 10 km i Lysløypa i Brokke. Rennet sundag gjekk først ei kort løype i fristil, deretter 1150 meter med stigning på 250 høgdemeter til målet på toppen av alpinbakken. Dette var i 2014 det einaste bakkeløpet i Agder og Rogaland skikrets. Arrangørar var Valle IL og Brokke Alpinsenter.

Premiering

For rennet laurdag var det vanleg premiering.

For rennet sundag var det i tillegg sett opp ein premie på eit utviklingsstipend på 10.000 kroner frå Valle Sparebank til vinnaren i klassene for kvinner og menn under 23 år.

Eksterne lenker