Tarald J. Harstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. januar 2014 kl. 10:12 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Kåvenes skule)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tarald J. Harstad (1878-1954) var lærar i Hylestad. Han vart tilsett i 1900 i Nomeland krins, då han overtok etter Bjørgulv D. Bjørnarå, som reiste til Amerika. Frå 1917 var han lærar i Nomeland-Uppstad krins. Det året vart Kåvenes skule bygd. Han gjekk av med pensjon i 1941. I 1916 etablerte Arbeiderpartiet seg i Hylestad og ved valet det året, som var fleirtalsval, fekk partiet alle 12 mann inn i kommunestyret. Tarald Harstad vart ordførar den perioden, og også neste periode, då det var loddtrekning mellom han og Gunnar T. Rysstad.

Kjelde