Fennefossen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. januar 2014 kl. 21:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fennefossen er ein foss i Otra, i Evje og Hornnes kommune, kort veg frå Evje sentrum. Fossen har eit fall på 8 m. I Fossvik på austsida av Fennefossen låg Evje nikkelverk, i drift frå 1873 til 1946. Drifta var basert på nikkel frå Flåt nikkelgruve.