Ane Gunhild Uleberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. desember 2013 kl. 16:05 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ane Uleberg)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ane Gunhild Uleberg (fødd 1981) vaks opp på Uleberg i Dåsvassdalen og gjekk på Hornnes vidaregåande skule, der ho var ferdig i 2000. Deretter studerte ho på NTNU i seks år. I studietida var ho knytta til studentmagasinet Under Dusken som teiknar.

Ho er arkitekt frå 2007. Frå januar 2008 til 2013 var ho tilsett som arkitekt i arkitektfirmaet Eliassen og Lambertz-Nilssen Arkitekter AS. Men frå 2013 er ho tilsett som bygningsvernar på Bygningsvernsenteret i Aust-Agder. Setesdalsmuseet er kontorstaden hennar, men ho fartar mykje rundt i dalen for å gje råd om bygningsvern til kommunar og private. Som første oppgåve vil ho leie arbeidet med å restaurere husmannsplassen SlengenRygnestad.

I Oslo spelte ho handball for Grüner Håndball.

Kjelder

  • Ole Birger Lien: Bygningsvernar på plass. Artikkel i Setesdølen nr. 97, 2013 side 5

Eksterne lenker