Nipelivegen
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Nipelivegen er ein veg i Gautestad hyttefelt på Gautestad nord-aust i Evje. Han tek til frå Trengslemyrvegen rett aust for Gautestad kurs- og misjonssenter, og går nord-austover og oppover i terrenget gjennom delar av hyttefeltet. Ved enden av vegen går Tonestjønnvegen vidare nordover gjennom resten av feltet.
Sommaren 2026 kom det fram at grunneigaren ville ta bompengar av brukarane av vegen for å finansiere vedlikehald. Evje og Hornnes kommunestyre sa nei til det.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Geir Willy Haugen: Blir ikkje bompengar med det første. Artikkel i Setesdølen nr. 60, 2026 side 2