Valle stadion

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. desember 2013 kl. 16:32 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenkefiks)
Hopp til navigering Hopp til søk

Valle stadion ligg ved Valle skule. Anlegget vart i 2013 ombygd til å få kunstgrasdekke. Kostnaden med dette var vel ti millionar kroner. Av dette dekka Valle Sparebank 1,5 millionar kroner og Valle kommune dekka 3,5 millionar. Spelemidlar og dugnad finansierte resten. Til arbeidet med finansieringa fekk ein hjelp av Helge Eriksen i Idrettsfinans, leiar i idrettslaget si arbeidsgruppe for nytt stadion var Geir Olav Uppstad. Leiar i Valle IL var Sigbjørg Næss og ordførar Tarald Myrum representerte kommunen og opna det nye anlegget hausten 2013.

Dei som gjorde jobben, var:

  • Idrettens anleggsservice, som hadde prosjektleiinga,
  • Veidekke som hadde grunnarbeidet,
  • Unisport, som leverte kunstgraset,
  • Otera som leverte flaumljosanlegget
  • Polytan, som leverte kunstdekket.

Kjelde