Hopp til innhald

Ankjerbekken

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. august 2026 kl. 08:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Orto)
Eitt av dei mange fossefalla i Ankjerbekken hausten 2014. Foto: Geir Daasvatn

Ankjerbekken er ei lita elv som starter oppe på heia aust for Støylen i Dåsvannsdalen i Hornnes. Ho renn utfor nokre bratte stup nedover i lia rett nord for Støylen, og munnar ut i den større elva Skjerka nede i dalbotnen. Kort etter fell Skjerka saman med Dåsåna, på Samkom.

I følge lokalhistorikaren Oddmund Mogstad tyder Ankjerbekken «bekken mot kjeret». Kjer er ei spesiell innretning for å fange fisk. Ei naturleg forklaring kan vere at det var eit kjer i Skjerka om lag der Ankjerbekken renn ut i henne.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...