Hopp til innhald

Gråten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. august 2026 kl. 08:33 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Fornminne)

Gråten er ein stad, ein åker, i Tveitebø i Valle. Det er like sør for uthusa på gardsbruket Sæstad (gnr. 37, bnr. 2) under Myrum.

I samband med eit svært slag, der kong Sigurd av Tveitebø etter segna fall, skal kvinner og barn ha stått på denne staden og gråte. Det skal ha blitt lagt opp ein stor haug over kong Sigurd – Sigurdshaug. Segna er grundig omtalt av Johannes Skar i Gamalt or Sætesdal.

Fornminne

Det er funne ei rekke oldsaker på Gråten. Ein skal vere varsam med å lite på detaljane i ei segn. «Heilt visst er det tale om ei vanleg samling gravhaugar», heiter det i Valle kultursoge.

Kjelder

Kart