Hopp til innhald

Skjoldmøyfjellet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. august 2026 kl. 08:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Skjoldmøyfjellet (Skjoldmøyfjødde) ligg på austsida av Straumsfjorden, aust for Straume i Hylestad.

Like ved Skjoldmøyfjellet er det funne ei vikinggrav som inneheldt kniv, fil og sigd av jern. Det er eitt av dei mest uvanlege heifunna. I same området er det funne tolv jernvinneanlegg. Det får arkeologane til å tenke at den gravlagde har hatt ein gard i nærleiken, truleg på ein av dei seinare støylane.

Kjelder

Kart