Hopp til innhald

Setesdølen nr. 50, 2026

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. august 2026 kl. 17:22 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (50)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Setesdølen nr. 50, 2026 kom ut torsdag 30. juli 2026 med 12 sider. Det var dødsannonser for Marie Karin Krakhella Edvardsen og Gyro Homme Bleika, andakten «Fest og faste» hadde ikkje oppgitt forfattar. Det var heller ikkje etternamn på Håkon og Emma, som hadde kjøpt gard i Grendi. Artiklane elles handla om Joker Dåsnes, som stenger når august er over, kurs for redningshundar, turkesommar, Landbrukets Dag 2026, Store Halvorsvatn, Gamaveka 2026, Hovden Torg, Tuva Wathne, skogbrann i Bueheii i Valle, Kulturpatrulja 2026 og om Jørgen Lien. Det var eit lesarbrev: Hans Blattmann: «Om nærsynte politikere og nærskoleprinsippet.»

Kjelde

  • Avisa