Hopp til innhald

Elin Vigdis Bjørnerud

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. mai 2026 kl. 23:33 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (katfiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Elin Vigdis Bjørnerud
Født: 22. juni 1938
Død: 10. mai 2026 (87 år)

Elin Vigdis Bjørnerud (fødd Elin Vigdis Brodersen Ruud) vart fødd i Oslo i 1938 som dotter av Inger Gull og Martin Peder Ruud. Ho kom til Hovden i 1966, saman med dåverande ektemann, Herbert Bachmann (1935-2015), for å drive Hovden Høyfjellshotell.

Det første Hovden Høyfjellshotell opna i 1937 og var på den tida landets største hotell. Det blei drive fram til krigen i 1940 og i løpet av krigsåra blei det delvis okkupert av den tyske krigsmakta. Etter krigen blei hotellet restaurert og skulle opnast i 1946, men brann ned dagen før opninga. På branntomta blei det nye Hovden Høyfjellshotell bygd og dette opna 1. juni 1967. Saman med opninga av eit moderne Hovden Skisenter i 1968, var dette starten på den moderne reiselivshistorien på Hovden.

I 1970 opna Herbert og Vigdis serveringsstaden Triangel Sportell, og dreiv denne verksemda saman til 1975.

Den siste tida budde Vigdis Bjørnerud i Kristiansand. Ho etterlet seg barna Mikkel, Tanja, Peik og Gry, svigerbarn, barnebarn, oldebarn og annan familie. Laurdag 30. mai 2026 klokka 11 var det minnestund i Hovden kapell.

Kjelder: