Rjukande (Faråne)

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Rjukande er ein svær foss i Faråne i Hylestad. Det er like nedanfor dei populære badekulpane i elva. Faråne er regulert og vatnet blir overført til Brokke kraftverk. Vassføringa i fossen er difor normalt liten.
Kulturminne
- Gardane Brokke, Berg og Haugeland hadde alle kverner i Faråne. Eitt kvernhus står framleis langs elva, ved toppen av fossen.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune II, Kultursoge 2, utgjeve av Valle kommune, 1994