Øyne Aust bustadområde

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. februar 2026 kl. 10:34 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Øyne Aust bustadområde er eit planlagt bustadfelt på Øyne i Valle. Detaljregulering for Øyne Aust bustadområde er vedteke av Valle kommunestyre 23. april 2025. Det er regulert inn fem «stortomter» og eitt område for konsentrert bustadbygging.Brødrene Tveiten Maskin står bak planane.

Føremålet med detaljreguleringa er legge til rette for eit framtidsretta og attraktivt bustadområde med romslege tomter og grøn profil. Konseptet for området rettar seg mot unge etablerarar som ynskjer meir enn ei enkelt tomt på under 1 dekar. Grønstruktur og naturelement utgjer ein stor del av planområdet.

Kjelder

  • Planomtale for Øyne Aust bustadområde, dagsett 13. november 2024
  • Referat frå møte i Valle kommunestyre 23. april 2025

Kart