Christian von Koss

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. januar 2026 kl. 13:50 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivefeil)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Christian von Koss
Født: 31. oktober 1698
Død: 1. november 1758 (60 år)

Christian von Koss (fødd 31. oktober 1698, død 1. november 1758 i Bygland) var ein offiser av mecklenburgs uradel som levde i Noreg. Han utmerka seg i krig, steig i gradene til oberst, og blei sjef for 2. Råbygdelagske kompani. Han døydde på tenestereise i Bygland, etter ei ulukke i Storstraumen. Båten han sat i kvelva. Han kom seg på land, men døydde av strabasane same kvelden. Han skal vere gravlagd på Austad gamle kyrkjegard.

Det går mange soger om von Koss. Mest i Telemark, men også i Setesdal. På folkemunne blei han gjerne kalla Svarte-Kaas. Han var ein av initiativtakarane til det mislukka forsøket på å grave ein kanal forbi Storstraumen.

Kjelder

Sjå også