Prestevodden
Prestevodden er ein stad på grunnen til Prestegarden (gnr. 42 bnr. 1) i Valle, like ved eigedomsgrensa mot [Sagneskar]], nær Valle sentrum.
Museumsplanar
Her gjorde dei som arbeidde for eit museum i Setesdal i 1916 avtale med sokneprest Liljedahl om ei tomt til museet, like ved [Boneifura]]. Same året kjøpte dei ei gamal årestoge frå Åmli og flytta ho til Prestevodden. Setesdalsmuseet blei formelt skipa [9. juni 1938]]. Det var semje om at museet skulle ligge i Prestevodden. Tanken var å flytte bygningar hit, til dømes frå Nordigard Rygnestad, bygningane som i dag utgjer [[Rygnestadtunet. Av ulike grunnar blei ei slik flytting ikkje aktuell.
I 1958 fekk museet overtake det gamle heradshuset i Valle. Opphaveleg var det bygget den fyrste skulestoga i Valle frå 1846. I 1959 blei bygningen flytta til Prestevodden og plassert ved sida av den gamle årestoga.
«Der stoppar i grunnen soga om museet i Prestevodden for denne gonger», skriv Leonhard Jansen i Agder Historielag sitt årsskrift for 2007.
Hausten 1987 vedtok kommunestyret i Valle at eit museumsbygg (magasinbygg) for Setesdalsmuseet skulle byggjast på Bjugsbakk på [Rysstad]] og ikkje på den gamle museumstomta i Prestevodden. Årestoga frå Åmli og det gamle heradshuset står framleis på staden.
Kjelder
- Leonhard Jansen, Museum i Setesdal – og historia til desse, artikkel i Agder Historielag sitt Årsskrift nr. 83, 2007, side 89–112