Stavedalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. januar 2026 kl. 15:43 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Historie)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Stavedalen er eit lite dalføre omtrent 2,5 km i luftline sør-aust for Valle sentrum. Dalen ligg som eit markant landskapsrom forma som ein «gryte» opp mot Valleheiane. Denne «gryta» er omkransa av Slettefjell og Luseskardheii i sør, Ljomsnuten og Stavdalsheii i aust og Åsan og Valefjellet i nord. Opninga av rommet vender ut mot Setesdal i vest. Dalbotnen er prega av store myrpartier.

Det er tilkomstveg til Stavedalen frå Rv-9 ved Halland. Vegen går vidare opp til Brottveit og herfrå som ein bratt sumarveg av låg standard. Vegen er privat og er stengd med bom ved Brottveit. Om vinteren er det snøscooterløype inn til dalen. I området er det meir enn 50 fritidsbustader, og reguleringsplan for Stavedalen (2014) opnar for bygging av om lag 50 nye hytter.

Historie

Stavedalen var støyledal for mange av gardane i Valle, mellom anna Rike, Åkre, Viki og Brottveit. I dalen ligg det opp mot 19 gamle støylsanlegg. Fleire av støylane har godt bevarte bygningar og støylsvollar. På den tid støylsdrifta var i full gang skulle ein kunne stå på ein stad og telle over 100 buer, både støylsbuer og høybuer. Knapt nokon stad blei det slege like mange lass med høy.

Kjelder