Veststedjan
Veststedjan er eit stort myrområde vest for Skomefita på Skomedal i Bygland. Delar av området er freda som Veststedjan naturreservat.
Ein gamal ferdsleveg frå Skomedal om Myhola til Ånebjør kom forbi Veststedjan.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle vegar og buplassar i Setesdal Vesthei, kapittel i Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 227–257