Asbjørnstøyl og Strondi naturreservat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. januar 2026 kl. 06:33 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Asbjørnstøyl og Strondi naturreservat.
Foto: Statsforvalteren i Agder/Klima- og miljødepartementet

Asbjørnstøyl og Strondi naturreservat ligg på austsida av Åraksfjorden i Bygland, for enden av Strondivatnet og langs med Asbjørnstøylvatnet. Det er verna ved kgl. res. 12. desember 2025 og er kome i stand gjennom ordninga med frivillig skogvern.

Føremålet med forskrifta er å ta vare på eit område som

a. representerer ein bestemt type natur i form av storvokst og gammal granskog, med innslag av gamle furutre og rik edellauvskog b. inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur i form av frisk rik edellauvskog og artsrike ospeholt med velutvikla lobarion-samfunn.

Det er eit mål å ta vare på verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

Naturreservatet omfattar følgjande gnr./bnr.: Bygland kommune: 30/1, 36/1, 36/2, 43/4 og 43/5. Det dekker eit totalareal på ca. 1 691 dekar. Grensene går fram av vernekart datert Klima- og miljødepartementet desember 2025.

Kjelder

Eksterne lenker