St. Jørgen og dragen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 6. januar 2026 kl. 07:12 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Utvidet litt meir)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
St. Jørgen og dragen.

St. Jørgen og dragen er det eldste biletet som er bevart i Rygnestad-samlingaRygnestadloftet. Det er frå siste del av 1400-åra og syner Sankt Jørgen som er i ferd med å drepe dragen og redde prinsessa.

Namneforma Jørgen på norsk og dansk svarar til det ålmeneuropeiske namnet Georg. St. Georg var eit av dei mest populære helgenmotiva i dei to siste hundreåra før reformasjonen. Prinsessa er Kleodolinde, dotter av kongen og dronninga av Kampedusa.

Biletet er måla med limfarge på tynt, grovmaska lerret. Det er 142 cm langt og 68 cm høgt. Det har ein del eldre fuktskader. Teikninga er utviska, særleg i nedre bord.

Korleis biletet kom til Setesdal og Rygnestad er uvisst.

Kjelder