Setesdal Mylle og Frørenseri
Setesdal Mylle og Frørenseri var ei kornmølle på Byglandsfjord.
Etter andre verdskrigen var det mest slutt med å male korn på dei små gardskvernene rundt om i Setesdal. Eit aksjeselskap med Tomas Langerak i spissen blei danna for å bøte på saknet av ei tidsmessig mølle med frørenseri i dalen. Det blei bestemt å byggje mølla på Byglandsfjord. Ho blei teke i bruk i 1946. Rundt 1958 blei det også bygd ei moderne korntørke.
Ein rekna med ein tilgang på oppimot 400 tonn korn i året. Mølla produserte o]]gså havregryn.
I 1954 blei mølla seld til Agder Kjøpelag. [[Erling Løkken var mylnar gjennom mange år.
Nøyaktig kor lenge mølla var i drift er uklart. Men i 1988 fekk bygningen ein trist lagnad. Nokre mus hadde gnaga bort isolasjon på leidningar, og det blei brann. Mølla si soge var til endes.
Kjelder
- Geir Daasvatn m.fl., Hovassåna – krafta i elva, Geir Daasvatn Foto & Forlag, 2025, side 63
- Reidar Tveito, Byglandsfjord 2, eige forlag, 2021, side 120
- Johs. P. Skansen, Bygdemøllene i Norge, Oslo 1958, side 266