Hopp til innhald

Nesvatn

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 19. desember 2025 kl. 07:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Fyresdal sentrum)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Nesvatn er eit stort vatn i heia vest for Fyresvatnet i Fyresdal. Ein bitteliten snipp av vatnet heilt i sør går inn i Aust-Agder (Gjøvdal). Vatnet er regulert (510–493 moh.). Ut av vatnet og ned i det mindre vatnet Gjevden renn Espeliåi. Frå Gjevden startar Gjøv si ferd mot Nidelva. Nesvatn høyrer såleis til Arendalsvassdraget.

Fylkesveg 3384 kjem frå Gjøvdal i sør og går nordover langs austsida av vatnet til Ljosdalen. Der munnar vegen ut i Fylkesveg 3386, som går vidare austover mot Fyresdal sentrum.

Kjelder

Kart

Laster kart ...