Flygil

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. desember 2025 kl. 07:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet tegnsetting i bildetekst)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Flygil.
Foto: Vest-Telemark Museum, CC BY-NC-SA 4.0

Flygil er ein svært enkel reiskap som var brukt til å treske korn med før det kom treskemaskinar. Han er laga av to bjørkestaurar bundne saman med ei skinnreim. Dei to delana er kalla slagvol og handvol. Den som treska heldt i handvolen og slo på kornbanda med slagvolen. Skinnreima som batt saman handvolen og slagvolen var gjerne laga av føtlingar av sau (skinn av føtene).

Kjelder

Eksterne lenker