Lisletjønn (Nomeland)
Lisletjønn ligg oppå kanten av fjellet bak (vest for) Steinsland og Nomelandsgarden i Valle. Skuggebekk kjem frå Stortjønn like ved, renn gjennom tjønna og nedover fjellsida til Otra.
Det var stem i enden av Lisletjønn for kvernene lenger nede i Skuggebekk.
Kjelder
- Norgeskart.no
- Alfred Ryningen, Valle kommun III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 613