Østergaardens elektriske Anlæg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. oktober 2025 kl. 20:22 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Østergaardens elektriske Anlæg (Austegard Elektrisitetsverk) var eit lite kraftverk i Austegard i Åseral. Det kom i drift i 1915 og var noko i drift til under 2. verdskrigen.

Kraftverket hadde ei spenning på 110 V. Generatoren var på 1 kW. Det var ein liten turbin som dreiv generatoren med flatreim. Det var mura opp ein dam i Kvennebekken, med røyrgate ned til stasjonen. Fallhøgda var om lag 30 meter. Straumen gjekk på stolpar med to kopartrådar opp til Espelid og ned til Austegard.

Kjelder

  • Nils Austegard, Austegard Elektrisitetsverk, stykke i Årsskrift for Åseral Sogelag, 2006, side 3–5

Kart