Skòtet (Rygnestad)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. oktober 2025 kl. 04:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Her om lag må husmannsplassen Skòtet ha vore.

Skòtet er ein tidlegare husannsplass som aldri kom til å bli busett høgt oppe i bakkane på Rygnestad i Valle.

Dreng Torkjellsson Rygnestad (f. 1831) fekk kontrakt på plassen av far sin på Oppistog i Syndre Rygnestad. Tradisjonen seier at Dreng rydda noko på plassen og laga nokre steingjerde. Men hus kom aldri opp. Dreng emigrerte til Amerika i 1880.

Kjelder

Kart