Gaupestein
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gaupestein var ein husmannsplass oppe i lia under Haugelandsfjellet under gardsbruket Der heime (bnr. 1) på Nomeland i Hylestad. Jon Neresson Nomeland (f. 1814, d. 1880) rydda plassen. Han var gift med Anlaug Ånundsdotter Såghus (f. 1816, d. 1863) frå Jordalsbø.
Jon og Anlaug og borna var ein tur til Amerika rundt 1853. Men dei kom attende. Begge to blei verande i Gaupestein til dei døydde.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 463–465